- https://bergenbibliotek.no/arrangement/litfest-mini-alle-kongers-tromme
- Litfest Mini: Alle kongers tromme
- 2023-02-11T13:00:00+01:00
- 2023-02-11T13:40:00+01:00
- Ei skjelpadde, ein konge, ein trommis og ein forteljar; blir du med?
Påmelding: https://bergenkommune.pameldingssystem.no/litfest-mini-alle-kongers-tromme
Språk blir til rytme, rytme til musikk, og musikk til forteljing når Raymond Sereba og Beathe Frostad fortel det vestafrikanske eventyret om den grådige skjelpadda og den gode kongen. Her får alle verdas problem ei klok løysing!
«Alle kongers tromme» er ei tospråkleg musikkforteljing på norsk og gagou, eit av språka som blir snakka i Elfenbenskysten. Alt blir ikkje fortalt på begge språk, men du vil forstå likevel, og kan være med å leike med ord og rytmar og musikk.
Framsyninga høver for born frå tre år.