- https://bergenbibliotek.no/arrangement/litfest-mini-forelska-i-feisbukk
- Litfest Mini: Forelska i Feisbukk
- 2023-02-11T12:00:00+01:00
- 2023-02-11T13:00:00+01:00
- Teaterpremiere! Forelska i Feisbukk er ei førestilling bygd på bildeboka Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig.
Påmelding: https://bergenkommune.pameldingssystem.no/forelska-i-feisbukk
Feisbukk er blitt den største og sterkaste bukken i heile Våtedalen. Ja, i heile verda! Geitene er heilt ville etter han, men han går berre og traskar for seg sjølv. Han bryr seg ikkje lenger om å stange med Smørbukk og dei andre bukkane. – Kva er det med deg? spør Smørbukk. – Veit ikkje! svarer Feisbukk. For Feisbukk byrjar å kjenne noko nytt inni seg. Så han går enda lenger vekk frå flokken. Han klatrar opp til toppen av Tindefjellet, for han er nøydd til å passe på sola, vinden og regnet. Er han berre verdas største tullebukk, eller kan det vere noko anna som plagar Feisbukk?
Forelska i Feisbukk er ei førestilling bygd på bildeboka Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig.
Dramatisering: Ole Henrik Risøy Solheim & Hans Sande
Sangtekstar: Hans Sande
Kostymedesign: Julie Keyers
Skodespelar: Jakob Helgheim
Skodespelar: Ole Henrik Risøy Solheim
Framsyninga høver for born frå fire år.