av EON
—
sist endret
2023-01-11T16:32:06+01:00
Hardingfelespelar og forfattar Benedicte Maurseth om spelet som var og spelet som vart borte.
- https://bergenbibliotek.no/arrangement/litteraer-lunsj-med-benedicte-maurseth
- Litterær lunsj med Benedicte Maurseth
- 2023-02-28T12:00:00+01:00
- 2023-02-28T12:45:00+01:00
- Hardingfelespelar og forfattar Benedicte Maurseth om spelet som var og spelet som vart borte.
Tirsdag
28.
februar
12:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet
Systerspel er ei bok om spelekvinner, om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag. Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Benedicte Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon, og fortel om dei gjennom fakta og meddikting. Dei er fleire enn du trudde.
Benedicte Maurseth er hardingfelespelar, komponist og forfattar. Ho har turnert som solist både i Noreg og i utlandet, har fleire tingingsverk bak seg, og har skrive musikk for teater og film. Ho har gjeve ut fleire musikkalbum og skrive bøker, artiklar og essay.