Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Alf Kåre Blindheim sist endret 2019-08-09T09:26:06+02:00
Om den heilt ferske diktsamlinga "Slekter".
Torsdag 21. november 12:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Erlend O. Nødtvedt debuterte i 2008 med diktsamlinga Harudes, og fekk straks stor merksemd med mellom anna Ung poesi-prisen. Fram til no har han skreve to diktsamlingar til, samt romanen Vestland.

Under Ulvik poesifestival i september 2018 blei han den første til å få Olav H. Hauge-stipendet. Juryen begrunnar tildelinga med at han har fornya det lyriske språket, samstundes som han løfter fram fleire uttrykk og tradisjonar. «Sjølv om diktbøkene inneheld mykje galskap, lått og humor, gir det medvitne spelet med den litterære tradisjonen og historia ei nerve av alvor under skrifta. Slik får poeten fram ei slags alltid i dikta sine, der fortida framleis er levande i notida, og folkevisa og avantgard-lyrikk får klinge saman», seier juryen.

På Litterær lunsj vil han presentera si heilt ferske diktsamling Slekter. Vert det meir galskap, lått og løye, eller kjem det fram nye sider hos den unge bergenspoeten? Uansett er det ein fest å høyra Nødtvedt lesa eigne dikt.