Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Alf Kåre Blindheim sist endret 2020-01-02T09:39:36+01:00
Om stadnamn og alle dei rare historiene som er knytta til namnet.
Torsdag 23. januar 12:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Det finst minst fem millionar stadnamn, og alle ber på ei lita fortelling. NRK-journalisten Gøril Grov Smørdal har skreve to bøker om dette emnet. I 2018 kom boka Nomino: Historia om norske stadnamn, mens ho i høst var ute med Frå Mumletjønn til Gnuldrehei våre villaste og raraste stadnamn.

Stadnamna fortel om enkeltmenneske, om kulturrevolusjonar, om underlege eller rett og slett absurde stadnamn som finnes rundt i vårt langstrakte land. Slik DNTs raude skilt viser oss stiar i fjellet, er stadnamna stivisarar gjennom historia om Noreg. Og ny namnehistorie vert skriven fortløpande. Kommunar eller fylke slår seg saman, og kva skal det nye barnet heita? Små justeringer av stadnamn kan føra til store bitre diskusjonar.

I dagens lunsj vil vi få ei frodig reise inn i både geografien og historia vår. Sørdal har dessuten studert kartet over Bergen nøye, og funne ein del interessante namn. Kvifor heiter det Marmorøyen, Lørdagsknausen eller Rævaskaret? Og Preikestolen er nærare enn du trur!

 

Auditoriet (kart)