Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
by Alf Kåre Blindheim last modified 2017-02-22T08:44:51+00:00
Møt ein modig forfattar som skriv om dei mørke sidene i eige liv, men ikkje utan humor og håp.
Torsdag 20. april 12:00
Hovedbiblioteket, Noterom

Forlaget Oktober presenterte Marianne Clementine Håheim som landets nye rockepoet då ho debuterte med diktsamlinga Bilydar i 2012. Ikkje så rart når det eine diktet lyder:

eg går på hardcorekonsert
for å hamre tankane
i stykke 

gutane på scena er
17 år 

og det får meg til å grine
fordi ribbeina deira
ser ut som 

små piano under skjortene 

Men i dagens lunsj konsentrerer vi oss om Svart belte som er hennar første roman og kom i 2015. Ei svært sterk bok om korleis spiseforstyrring tar kontrollen over både kropp og sinn. Håheim skildrar det vanskelge livet til ei ungjente med eit rått, men samstundes poetisk og vakkert språk.