Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
av Alf Kåre Blindheim sist endret 2018-10-15T10:42:04+00:00
Bak all god humor er der eit alvor.
Torsdag 1. november 12:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Ragnar Hovland vil i denne lunsjen snakka om forfattarskapet sitt. Og det er nok å ta av. Over femti bøker er det blitt sidan debuten i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. "Så vidt eg har sett handlar alt du skriv om folk som skal ein eller annan plass, og så kjem dei på fylla i staden og kjem ikkje fram", seier ein gammal skulekamerat til eg-personen i Vegen smal og porten trang(1981).

Men Hovland ville neppe mottatt Kritikerprisen, Brageprisen og Dobloug-prisen med ein så smal agenda. Sprelsk humor, men alltid med eit alvor bakom, er typisk denne forfattaren uansett kva sjanger han skriv i. Ironisk naivisme og kvardagsleg surrealisme er andre merkelappar som heng på Hovlands litterære univers.

I dagens lunsj vil han også fortelja om den nye boka som kjem til våren. "Mørk sommar er ei underhaldande mordgåte, full av merkverdige hendingar, eit fargerikt persongalleri og scener og dialogar i klassisk Hovland-stil", skriv forlaget i sin omtale.