Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Erlend O. Nødtvedt sist endret 2019-08-27T09:54:37+02:00
Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst, og har songlyrikken og poesien noko til felles? Musikar og tekstforfattar Frida Ånnevik møter diktar Anna Kleiva til samtale, og vi skal sjølvsagt få lytte til lyrikken, både i song og dikt.
  • Lytt til lyrikken
  • 2019-10-23T19:00:00+02:00
  • 2019-10-23T21:00:00+02:00
  • Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst, og har songlyrikken og poesien noko til felles? Musikar og tekstforfattar Frida Ånnevik møter diktar Anna Kleiva til samtale, og vi skal sjølvsagt få lytte til lyrikken, både i song og dikt.
Onsdag 23. oktober 19:00
Hovedbiblioteket, Noterommet

Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? Ordet lyrikk kjem som kjent frå det greske ordet for strenginstrumentet «lyra», og i antikken var lyrikk song til strengespel. Det kinesiske ordet for lyrikk, «shi», tyder ordsong, og peikar også til songen. Er det slik at songlyrikken og lyrikken lever meir separate liv i dag? I denne programposten har tekstforfattar og musikar Frida Ånnevik fått invitere med seg ein diktar ho har lyst til å møte, og valet fall på Anna Kleiva. Dei to møtest til ein samtale om å skrive og å leve med, songar og dikt. Det blir også laga rom for at vi spissar øyrene, og lyttar til lyrikken. Frida Ånnevik og Anna Kleiva deler både song og dikt med publikum. 

Frida Ånnevik har sidan debuten i 2009 markert seg som musikar med poetiske tekstar, og er kjend for å løfte fram det store i dei små tinga. Ho har hausta heile tre spelemannsprisar i kategoriane tekstforfattar og viser. Anna Kleiva har gjeve ut tre diktsamlingar sidan debuten i 2011. Ho vert omtala som ein språkkunstnar med overskot og stor biletskapande kraft, og i 2015 vart ho tildelt Bjørnson-stipendet. Dei to møtest 23. oktober på Bergen Offentlege Bibliotek. Programmet vert også synt fram i Ulvik og Stavanger og inngår i Bokåret 2019.

Lytt til lyrikken er ein programserie i regi av Olav H. Hauge-senteret.

Noterom (kart)