Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Charlotte Myrbråten sist endret 2020-01-16T11:58:13+01:00
Maria Horvei og Marius Emanuelsen kjem til Bergen for å gje ein lynrask – men djuptloddande! – innføring i Shakespeares botnlause tragediar og lynande intelligente komediar, fordelt over to kveldar.
Torsdag 23. april 18:00
Noterommet

Kontakt

95139006

Ingen diktarar er meir innvevde i vårt kollektive medvit enn William Shakespeare. Romeo og Julie, «å vere eller ikkje vere», krokodilletårer, «verda som ei scene» og tallause andre kulturelle referansar med opphav i den engelske skalden har sikra at det knapt finst eit levande menneske utan nokon kjennskap til Shakespeare. Likevel kan sjølve tekstane hans opplevast som fjerne for mange, for ikkje å snakke om tanken på å sette seg ned og lese eit Shakespare-stykke. Eller 39. 

Vinduet-redaktør Maria Horvei og universitetslektor og kritikar Marius Emanuelsen vil i 2020 slå eit slag for å endre på å dette. Dei kjem til Bergen for å gje ein lynrask – men djuptloddande! – innføring i Shakespeares botnlause tragediar og lynande intelligente komediar, fordelt over to kveldar. Heller enn å snakke om stykka som einskilde monument, vil dei bli satt i samanheng med kvarandre og samtida. Målet er å gjere Shakespeare-ekspertar av oss alle saman!