av EON sist endret 2022-11-15T22:09:23+01:00
Møt Kari Thorkildsen, Bjørn Enes og Ada Freng på Memoars lokalhistoriske ettermiddag.
Tirsdag 22. november 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet
Tirsdag 22. november vil Bjørn Enes fortelje tilbake til Kari Thorkildsen og publikum korleis han opplevde og oppfatta munnleg historieintervjuet med henne som dei to gjorde i studio i biblioteket den 11. oktober (intervjuet er publisert her: www.memoar.no/bergen/Thorkildsen).
 
Livshistoria til Kari Thorkildsen er som eit djupdykk i Bergens nyare historie. Ho er i dag mest kjend som forteljekunstnar og fyrstelektor emerita ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett på Høgskulen på Vestlandet. Men barndomsminnene gjer henne til eit tidsvitne frå attreisinga på 1950-talet, og frå den tidlege historia om Landås bydel og barnekulturen der. I tidlegare munnleg historie intervju har ho fortald om framveksten av dagens Søreide, om sosialhistorie og generasjonskonfliktar på 60-talet, industrihistorie og utdanningsrevolusjon. Frå 1970-, 80- og 90-tal har ho fortald om pedagogisk historie og utviklinga av barnehagesektoren. Og ho er ein del av Bergens kunst-, kultur- og akademihistorie, med særleg vekt på forteljekunsten.
 
Bjørn Enes er minnesamlar, journalist og forteljar. På arrangementet 22/11 vil han fortelje tilbake til Kari Thorkildsen korleis han høyrde hennar forteljing gjennom intervjuet, og korleis det gav nyansar til kunnskapen hans om Bergens og Noregs nyare historie. Vi er alle tidsvitne om den tida vi har levd. Gjennom attforteljinga vil han konkretisere kvifor Kari Thorkildsens munnlege historie er eit bevaringsverdig dokument som fortener ein plass i Nasjonalbilbioteket.
 
Etter attforteljinga vil Kari Thorkildsen kommentere og diskutere forteljinga med Ada Freng - og med publikum. Dei to kjenner kvarandre både som kollegaar gjennom mange år. Ada er - mellom mykje anna - forfattar, minnesamlar og frivillig kulturvernar. 
 
Mot slutten av arrangementet vil det bli høve til å foreslå kven som skal bli intervjua eller attfortald på neste "Lokalhistorisk ettermiddag" i januar.

Bergen Offentlige  Bibliotek

Memoar: Forteljinga om Kari Thorkildsen

Memoar: Forteljinga om Kari Thorkildsen

Møt Kari Thorkildsen, Bjørn Enes og Ada Freng på Memoars lokalhistoriske ettermiddag.

  • Tirsdag 22. november
  • 18:00 - 19:45
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS