Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Marie Amdam sist endret 2019-02-20T08:52:24+00:00
Onsdag 10. april 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Kontakt

404 61 144

«Slå fylje med meg og gjenoppdag menneska, plantene, tisteletande kvardagsheltar, eventyrlege gardsbruk og eit rikt og vakkert utmarksbeite, med alle dei orkideane og vekstane som trives der. Kjenn lukta av tang og tare i sjøkanten, og ver med opp i høgfjellet der snøen aldri smeltar. Velkomen inn i riket til dei gamle norske sauerasane; gamalnorsk spelsau og villsauen.»

Slik opnar fotograf Nils Olav Mevatne boka Livreddaren. Ei bok som følgje åtte sauebønder og deira liv og kvardag med den gamle norske sauerasen. Enten det er den gamalnorske spelsauen eller villsauen. Mevatne har dokumentert gjennom fleire år, gjennom haust og vår, regn og sol. Dette er ei flott og fargerik bok om sauer, fjellheim, bøndene som gjetar dei og bryr seg om dei. Om fortid og framtid og her og no.

Denne illustrerte fagprosaboka har 208 sider med fotografi, skildringar og teikningar som gjev ei levande forteljing av ein levande kultur. Boka kan kjøpast på www.mevatne.no og er ein del av eit formidlingsprosjekt som starta i 2015 med ei vandreutstilling om dei gamle sauerasane, kulturlandskapet og bøndene. Utstillinga er sett av 130 000 og reiser land-og-strand for å fortelje denne historia. Me ynskjer deg velkomen til å bli kjend med eit spanande materiale!