av Nettredaktør
—
sist endret
2023-03-18T11:28:56+02:00
Konserten med Bodil Rørtveit er dessverre avlyst.
- https://bergenbibliotek.no/arrangement/nymusikk-krapyl-biblioteksmusikken-presenterer-bodil-rortveit
- AVLYST - nyMusikk KRAPYL
- 2023-03-18T14:30:00+01:00
- 2023-03-18T15:00:00+01:00
- Konserten med Bodil Rørtveit er dessverre avlyst.
Lørdag
18.
mars
14:30
Hovedbiblioteket, Auditoriet
Vokalkunstnar og komponist Bodil Rørtveit har dei siste åra gjort seg bemerka som ein uttrykksfull, særegen vokalkunstnar med stor stemme. Ho krysser gjerne sjangergrenser frå folkemusikk via klassisk og eksperimentell musikk med stort fokus på improvisasjon og klangfargar. Forholdet til naturen står sterkt i prosjekta hennar. Ho samarbeidar ofte med scenekunstnarar i prosjekta sine, blant anna i konsertforestillinga Sustain der alle instrumenter var laga av plastsøppel (urframført på Festspillene i Bergen, og seinere i orkesterversjon med Bergen Filharmoniske Orkester). Våren 2021 hadde ho premiere på Det Vestnorske Teateret som komponist og utøvar på soloforestillinga “RØYST - eller Bodil sluttar med innestemme”. Under Festspillene i Bergen 2021 gjorde Rørtveit det kritikarroste konseptet sitt; “Hengekøyekonsert”, der publikum lytta til musikken og fuglesang i hengekøyer i skogen.
På denne konserten vil Bodil leike med stemma og live vokal-looping, og på den måten lage eit vokalorkester heilt på eiga hand. Ho vil også involvere publikum på ulike måtar undervegs, med ønske om å skape ein unik augneblink mellom scene og sal. Korleis kan vi for eksempel lage lyden av ein skog med berre stemmene? Eller regn?
Konserten finner sted i Auditoriet på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
Biblioteksmusikken er ein Krapyl-konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!
Motto: Bøker, boller og Biblioteksmusikken!