av Arild Ness sist endret 2022-04-20T09:27:20+02:00
Marit og Ingebjørg er to damer som er både litt unge og litt gamle. Marit dansar og Ingebjørg syng, og dei er søstre.
Lørdag 23. april 14:30
Hovedbiblioteket, Auditoriet
Dei likar å utforska kva slags lydar og bevegelsar kroppen kan laga, kva som er fint og kva som er stygt. Kanskje det som er stygt kan bli fint? Og kanskje det som verkar rart kan opplevast heilt vanleg etter ei stund?
 
Marit har studert på Den Norske Balletthøgskole, og Ingebjørg på Norges musikkhøgskole. Dei har laga framsyningar saman fleire gonger før, og no skal dei synga og dansa i Bergen! Konserten finner sted på Auditoriet i underetasjen på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
 
Biblioteksmusikken er ein Krapyl-konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
 
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!
Motto: Bøker, boller og Biblioteksmusikken!
 
Bergen Offentlige  Bibliotek

nyMusikk Krapyl: Biblioteksmusikken presenterer "Fint rart fint"

nyMusikk Krapyl: Biblioteksmusikken presenterer "Fint rart fint"

Marit og Ingebjørg er to damer som er både litt unge og litt gamle. Marit dansar og Ingebjørg syng, og dei er søstre.

  • Lørdag 23. april
  • 14:30 - 15:00
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS