av Arild Ness sist endret 2022-05-04T12:40:58+02:00
Biblioteksmusikken er ein Krapyl-konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine.
Lørdag 21. mai 14:30
Hovedbiblioteket, Auditoriet
Vokalkunstnar og komponist Bodil Rørtveit har dei siste åra gjort seg bemerka som ein uttrykksfull, særegen vokalkunstnar med stor stemme. Ho krysser gjerne sjangergrenser frå folkemusikk via klassisk til jazz og eksperimentell musikk. Forholdet til naturen står sterkt i prosjekta hennar, og ho har laga fleire klimarelaterte forestillingar. Ho samarbeidar ofte med scenekunstnarar i prosjekta sine, blant anna i plastkonsertforestillinga Sustain (framført på Festspillene i Bergen, og med BFO).
 
Våren 2021 hadde ho premiere på Det Vestnorske Teateret som komponist og utøvar på soloforestillinga “RØYST - eller Bodil sluttar med innestemme”. Under Festspillene i Bergen 2021 gjorde Rørtveit det kritikarroste konseptet sitt; “Hengekøyekonsert”, der publikum lytta til musikken og fuglesang i hengekøyer i skogen. På denne konserten vil Bodil leike med stemma og live vokal looping, og på den måten lage eit vokalorkester heilt på eiga hand. Ho vil også involvere publikum på ulike måtar undervegs, med ønske om å skape ein unik augneblink mellom scene og sal.

Konserten finner sted i auditoriet i underetasjen på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
 
Biblioteksmusikken er ein Krapyl-konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.

Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!
Motto: Bøker, boller og Biblioteksmusikken!

Bergen Offentlige  Bibliotek

nyMusikk Krapyl: Biblioteksmusikken presenterer "Løp og loop"

nyMusikk Krapyl: Biblioteksmusikken presenterer "Løp og loop"

Biblioteksmusikken er ein Krapyl-konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine.

  • Lørdag 21. mai
  • 14:30 - 15:00
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS