av Eli Vaage sist endret 2021-09-21T23:25:22+02:00
Kva vil det seie å vere fri? I "Om man älskar frihet. Tankar kring det politiska" tar feministikon og forfattar Nina Björk for seg vilkåra for menneskeleg fridom, og spør om vi i vårt individfokuserte samfunn er så frie enkeltpersonar som vi trur.
Tirsdag 16. november 18:00
Hovedbiblioteket, Amalies hage

Kontakt

97964434
 
Nina Björk har skrive utfordrande og uredd om politikk i 25 år, ofte til sterke reaksjonar blant dei som ikkje deler hennar politiske meiningar. Over tid har det danna seg ein kjerne i argumentasjonen, der vi ser at meiningsmotstandarane ofte har hevda at ho vil bestemme over andre og innskrenke individet sin fridom. Sjølv meiner ho det allereie er slik at nokon bestemmer over andre, og at individet sin uinnskrenka fridom dermed i stor grad er ein illusjon. Boka Om man älskar frihet. Tankar kring det politiska handlar om denne kjernen, og er eit forsøk på å tenke filosofisk kring politikk, fridom og menneska sine liv.
 
Nina Karolina Björk er ein svensk litteraturvitar, frilansjournalist, forfattar og feminist. Ho voks opp i Falkenberg og er mest kjent for den feministiske debattboka Under det rosa täcket frå 1996, som vart seld i 100 000 eksemplar. Ho har også skrive Drömmen om det röda, Lyckliga alla sina dagar, Sireners sång og Fria själar
 
Bergen Offentlige  Bibliotek

Om man älskar frihet. Tankar kring det politiska med Nina Björk

Om man älskar frihet. Tankar kring det politiska med Nina Björk

Kva vil det seie å vere fri? I "Om man älskar frihet. Tankar kring det politiska" tar feministikon og forfattar Nina Björk for seg vilkåra for menneskeleg fridom, og spør om vi i vårt individfokuserte samfunn er så frie enkeltpersonar som vi trur.

  • Tirsdag 16. november
  • 18:00 - 19:00
  • Hovedbiblioteket, Amalies hage
  • GRATIS