av Charlotte Myrbråten
—
sist endret
2023-02-01T13:55:33+01:00
Foredrag med Kristne Ullaland.
- https://bergenbibliotek.no/arrangement/one-ocean-week-korleis-redusere-plast-heime-og-uonska-kjemikaliar-heime-1
- One Ocean Week: Korleis redusere plast heime og uønska kjemikaliar heime?
- 2023-04-20T18:00:00+02:00
- 2023-04-20T19:00:00+02:00
- Foredrag med Kristne Ullaland.
Foredrag med Kristine Ullaland.
Stadig fleire ynskjer å redusere plast og uønska kjemikaliar heime, men kva er eigentleg viktigast og korleis er det best å gå fram? Bli med når Kristine Ullaland deler sine beste tips og triks om korleis du kan oppnå nettopp ein meir plastfri kvardag. Gjennom foredraget vil du få innsikt i kvifor dette er noko vi bør ha på agendaen, og konkrete råd og løysingar som du kan ta i bruk sjølv.
Kristine Ullaland står bak Norges første Zero Waste-nettstad, www.gronarekvardag.no, og bedrifta Zero Waste Norge, som hjelpe tenesteytande næring førebygge og redusere avfall.
One Ocean Week
- for alle som er opptatt av eit berekraftig hav
15.-21. april 2023 er Bergen staden for debatt, erfaringsutveksling og opplevingar knytta til ein berekraftig utnytting av havet. Veka startar spektakulært med Statsraad Lehmkuhl si heimkomst frå jordomseglinga The One Ocean Expedition.