Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Erlend O. Nødtvedt sist endret 2019-08-27T09:55:37+02:00
I kveldens foredrag skal vi sjå nærare på kunst som har døden som tema, og gjennom denne reisa får vi innblikk i korleis døden har blitt skildra gjennom historia.
Onsdag 30. oktober 18:00
Hovedbiblioteket, Noterommet

Døden har vore eit sentralt tema i kunsten og i vår visuelle kultur. I tidlegare tider var gjerne døden i kunsten knytt til religion, noko som gjorde den til noko nært og meiningsfullt. I dag opplev vi gjerne døden som noko fjernt og makabert, noko vi ynskjer å halde på avstand.
I kveldens foredrag skal vi sjå nærare på kunst som har døden som tema, og gjennom denne reisa får vi innblikk i korleis døden har blitt skildra gjennom historia. Alt i frå personifikasjon av døden sjølv, til egypterane si Dødebok, dommedagsprofetiar, til Picasso sin protest mot krigens død og redsle i verket Guernica eller Munch sin sterke Døden i sykeværelset.

Renate Rivedal er kunstformidlar og jobbar som kulturkonsulent ved Enhet for kulturformidling og deltakelse. Ho har master i kunsthistorie og lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar.

Noterom (kart)