- https://bergenbibliotek.no/arrangement/renate-rivedal-om-edward-hopper
- Renate Rivedal om Edward Hopper
- 2021-03-24T18:00:00+01:00
- 2021-03-24T19:00:00+01:00
- Bli kjent med kunstneren Edward Hoppers billedkunst.
Påmelding: https://bergenkommune.pameldingssystem.no/renate-rivedal-om-edward-hopper
I kveldens foredrag skal vi bli nærare kjend med den amerikanske malaren Edward Hopper. I eit realistisk formspråk malar han fram einsame kvinner på hotellrom, grå byar, einsame skikkelsar på bar. Små noveller vert til av maleria hans. Og vi som tilskodarar kan dikte vidare på historia.
Edward Hopper sine maleri vart og symbolet på den einsemda mange kjende på og framleis kjenner på. Og dei realistiske skildringane til den amerikanske målaren spegla på eit vis vår eiga samtid.
Renate Rivedal jobbar i dag som rådgjevar ved Kulturetaten i Bergen Kommune, er kunstkritikar i Bergens Tidende og i sitt eige foretak Kunstforedrag.no.