Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Arild Ness sist endret 2019-08-27T09:47:12+02:00
Harriet Backer vert av mange rekna som den fremste norske koloristen blant 1800-talsmalarane.
Onsdag 25. september 18:00
Hovedbiblioteket, Noterommet

Harriet var saman med bestevenninna Kitty Kielland kvinner som valde bort familieliv og ekteskap, og bana veg for kvinnelege kunstnarar i eit mannsdominert miljø. Harriet er kjend for sine vakre interiør, der ho skildrar lysets refleks og korleis fargane forandrar seg ved hjelp av lyset. Enkelte av maleria har nesten ein sakral kjensle og med ein koloristisk glød utan sidestykke.

Backer fekk i tillegg stor betydning for ein yngre generasjon av kunstnarar gjennom malarskulen ho dreiv. Her hadde ho m.a. Nikolai Astrup, Harald Sohlberg og Ludvig Karsten som elevar. Bli med på foredrag i kveld og høyr meir om Harriet Backer – pioner, kunstnar og unntakskvinne.

Renate Rivedal er kunstformidlar og jobbar som kulturkonsulent ved Enhet for kulturformidling og deltakelse. Ho har master i kunsthistorie og lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar.

Noterom (kart)