av Marie Amdam sist endret 2022-08-09T14:43:49+02:00
Framsyninga RIT tek oss med på ei reise gjennom årstidene med dikt av lyrikar Olav H. Hauge som vegvisar og fylgjesvein.
Torsdag 17. november 18:00
Hovedbiblioteket, Vårt Vestland

Kontakt

Me startar seint om hausten, der reisa til tider kan vera tung og myrk. Men etter kvart som dagane vert lettare og lysare mjuknast og opnar også diktaren seg. Dikta som vert presentert i RIT gjev eit fullt spekter: frå djupn og breidde i Hauges sin poetiske visjon til varme og humor medan han observerar verda kring seg med gleda.
Tittelen RIT vart inspirert av eit dikt med same namn frå På Ørnetuv. Eit kort stemningsfullt dikt som, med impresjonistiske strek teiknar ein naturscene: «…ei mjuk grå teikning, rita som i ein draum». Med ei naturskildring som gror ut av draum og som utfaldast stille og sakte, som ei kinesisk rulle, er diktet «Rit» eit fullkome uttrykk for visjonen me ynskjer å få fram.
 
Gunnstein Akselberg opnar framsyninga med ei kort innleiing. I framsyninga finst det om lag 30 dikt, nokre er tonesett og sunge, andre resitert av Hauge sjølv og Horvei. Dikta er arrangert med eit narrativ som fylgjer årstidene: haust, vinter, vår, sumar, haust. Ei soge som byggjer på årssyklusen og som flyt framover i tida og skildrar eit menneskeliv. I komposisjonane har Riber freista å nytta eit landskap der musikken kan opplevast som ein fri straum med draumen som leiemotiv. Komposisjonane inneheld piano, datamaskin, klokkespel, medan lydeffektar innspela på førehand, som samplers, strengeinstrument, harpe og erhu (kinesisk folkemusikkinstrument) vert avspela gjennom høgtalarar.
 
Innleiing: Gunnstein Akselberg
Song: Reidun Horvei
Piano: Inger-Kristine Riber
Tekst: Olav H. Hauge
Musikk: Inger-Kristine Riber
Regi: Ragnhild M. Gudbrandsen
Bergen Offentlige  Bibliotek

RIT - Musikk til tekstar av Olav H. Hauge

RIT - Musikk til tekstar av Olav H. Hauge

Framsyninga RIT tek oss med på ei reise gjennom årstidene med dikt av lyrikar Olav H. Hauge som vegvisar og fylgjesvein.

  • Torsdag 17. november
  • 18:00 - 20:00
  • Hovedbiblioteket, Vårt Vestland
  • GRATIS