av Eli Vaage sist endret 2022-04-19T12:38:10+02:00
Som ein moderne viking drog Kristin Vollset, aka The Musical Slave, over havet til Irland der ho bokstavleg talt krasja inn i ein unik urban hestekultur. Med både gamle og splitter nye songar og musikkvideoar i bagasjen kjem ho til biblioteket for å fortelje om Dublin sin truga stamme- og hestekultur, og ikkje minst, for å gi ein etterlengta smak av sitt musikalske univers.
  • Roadtrip med den Musikalske Slaven
  • 2022-05-05T18:00:00+02:00
  • 2022-05-05T18:30:00+02:00
  • Som ein moderne viking drog Kristin Vollset, aka The Musical Slave, over havet til Irland der ho bokstavleg talt krasja inn i ein unik urban hestekultur. Med både gamle og splitter nye songar og musikkvideoar i bagasjen kjem ho til biblioteket for å fortelje om Dublin sin truga stamme- og hestekultur, og ikkje minst, for å gi ein etterlengta smak av sitt musikalske univers.
Torsdag 5. mai 18:00
Hovedbiblioteket, UROM, 2. etg

Kontakt

97964434

Velkommen til musikalsk roadtrip med The Musical Slave!

Bli med den Musikalske Slaven, aka Kristin Vollset, over havet til ei reise gjennom Dublins urbane heste- og stammekultur. Vi får bli med når ho som ein moderne musikk-viking dreg ho over Nordsjøen og endar med å kjøpe eigen hest. Vi får eit særeige innblikk i lokalsammfunnet og hestegutane, i vennskap og samhald, men også andre sider av denne unike og truga livsstilen. Dessutan får vi ein smakebit av hennar aller nyaste prosjekt saman med hestegutane, der klassekrig og korleis vi kan skape eit meir rettferdig samfunn inspirert av Robin Hood er tema. Velkommen!

Kristin Vollset er ein musikar, låtskrivar og filmskapar frå Bergen. Ho er kanskje best kjent for dei to prisvinnande musikkvideoane No plan (2016) og They can`t stop you (2020), begge frå det urbane hestemiljøet i Dublin, Irland. For tida er ho i gong med produksjonen av ein ny musikalsk kortfilm frå det same hestemiljøet, "Robin in the Hood". Velkommen til ein rundtur i den musikalske slavens magiske univers!

Vollset er utdanna ved Griegakademiet i Bergen og London Film School, og har budd i Frankrike, England og Irland. Ho har elles reist mykje og skrive songar om det ho opplever på vegen. Ho har blant anna jobba som fiskar i Mexico og stalljente i Dublin. Ho har også arbeidd på gard i Hardanger, der ho laga ost og pølser. Når ho har vore på reise har ho tenkt pengar både ved å spele musikk og selje pannekaker i gata, og ho har også vore gatemusikant i Bergen by sidan 2003. Vollset skriv songar om det meste frå kjærleik til økonomi og alt i mellom, og er også lidenskapleg oppteken av film og lagar korte musikkfilmar der ho blandar dokumentar med fiksjon og musikal. 

Bergen Offentlige  Bibliotek

Roadtrip med den Musikalske Slaven

Roadtrip med den Musikalske Slaven

Som ein moderne viking drog Kristin Vollset, aka The Musical Slave, over havet til Irland der ho bokstavleg talt krasja inn i ein unik urban hestekultur. Med både gamle og splitter nye songar og musikkvideoar i bagasjen kjem ho til biblioteket for å fortelje om Dublin sin truga stamme- og hestekultur, og ikkje minst, for å gi ein etterlengta smak av sitt musikalske univers.

  • Torsdag 5. mai
  • 18:00 - 18:30
  • Hovedbiblioteket, UROM, 2. etg
  • GRATIS