av Charlotte Myrbråten
—
sist endret
2023-01-03T14:21:14+01:00
Forfattar Elin Styve i samtale med Lene Bergmann.
- https://bergenbibliotek.no/arrangement/samtale-om-romanen-sikkert-ein-klemmefamilie
- Samtale om romanen Sikkert ein klemmefamilie
- 2023-01-26T18:00:00+01:00
- 2023-01-26T19:00:00+01:00
- Forfattar Elin Styve i samtale med Lene Bergmann.
"Visuell og levende fortelling om mennesker som bevisst og ubevisst nærer og lider under livsløgner og hemmeligheter. De siste 70 sidene flakset avgårde, som i en krimhistorie"
"Elsker blandingen av humor og mørke - og MotivaTors lett gjenkjennelige narsissistiske skjørhet!"
Tilbakemeldingar frå lesarane tyder på at romanen skildrar kjensler og opplevingar som mange kjenner seg att i. Lene Bergmann og Elin Styve diskuterer kvifor det som boka berører er viktig for oss, og korleis det seier noko om samtida vår. Styve kjem også til å lesa litt frå boka.
Bergmann er litteraturvitar og dagleg leiar i Mannheimer, og styremedlem i Norsk kommunikasjonsforening.
Styve har jobba som leiar i kommunikasjonsbransjen i mange år, og er no leiarutviklar i Helse Bergen.
Romanen som Styve gav ut i sommar, tar for seg sjølveksponeringas tidsalder og er den omvendte Tore på sporet-forteljinga, der håp og skuffelse går hand i hand, og foredrags- og sjølvhjelpsbransjen får seg ein satirisk smekk. Redaktør er Kristin Delås.
Arrangør: Elin Styve.