av Eli Vaage sist endret 2022-07-13T10:08:46+02:00
Byrommet fortel oss ikkje berre noko om historia til byen vår, men er ei utømmeleg kjelde til kunnskap om språket vårt. Dette føredraget syner korleis gatenamn, skilt, grafitti og skrift er rike kjelder til kunnskap om språk.
  • Akademisk lunsj - Ser du språket i byrommet?
  • 2022-12-07T12:00:00+01:00
  • 2022-12-07T12:30:00+01:00
  • Byrommet fortel oss ikkje berre noko om historia til byen vår, men er ei utømmeleg kjelde til kunnskap om språket vårt. Dette føredraget syner korleis gatenamn, skilt, grafitti og skrift er rike kjelder til kunnskap om språk.
Onsdag 7. desember 12:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet
Dei fleste av oss vil kanskje først og fremst tenkje på kva byrommet kan fortelje oss om kulturhistoria, men byen kan også vere ei rik kjelde til kunnskap om språk, mellom anna gjennom gatenamn, skilt, graffiti og skrift.

Dette er utgangspunktet for prosjektet Språkspor i byen som blei starta opp ved Høgskulen på Vestlandet i 2021. Gjennom studentaktive læringsformer har studentar på lærarutdanninga arbeidd med å bruke staden som utgangspunkt for læring i norskfaget, og resultatet blir formidla som språkpostar. Språkpostane er tilgjengelege for alle interesserte, men kan også inngå som ein del av undervisninga i skulen.

I dette lunsjseminaret skal me syne korleis byrommet som me bevegar oss rundt i er ei utømmeleg kjelde til kunnskap om språket vårt.

Foredrag med Trude Bukve og Ingvil Brugger Budal.

Akademisk lunsj er eit samarbeid mellom Universitetsbiblioteket, NHH, HVL og Bergen Offentlige Bibliotek. 
 
Bergen Offentlige  Bibliotek

Akademisk lunsj - Ser du språket i byrommet?

Akademisk lunsj - Ser du språket i byrommet?

Byrommet fortel oss ikkje berre noko om historia til byen vår, men er ei utømmeleg kjelde til kunnskap om språket vårt. Dette føredraget syner korleis gatenamn, skilt, grafitti og skrift er rike kjelder til kunnskap om språk.

  • Onsdag 7. desember
  • 12:00 - 12:30
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS