av Charlotte Myrbråten
—
sist endret
2023-06-26T14:00:49+02:00
Foredrag med dj-kollektivet Sju Fjell Bergsystem.
- https://bergenbibliotek.no/arrangement/sju-fjell-bergsystem-foredragsserie-1-60-talet-2013-rnb-mento-ska-rocksteady-reggae
- Sju Fjell Bergsystem foredragsserie#1: 60-talet – RnB, mento, ska, rocksteady = REGGAE
- 2023-09-26T18:00:00+02:00
- 2023-09-26T19:30:00+02:00
- Foredrag med dj-kollektivet Sju Fjell Bergsystem.
Reggae som begrep vart først nytta i 1969. Men før det går det ei ganske så rett linje i jamaicansk populærmusikk, som starta med ska – ein slags fusjon mellom RnB og Mento (og jazz om ein skal være pirkete). Musikkindustrien på Jamaica vart til heilt på slutten av 1950-talet, og det skulle bli starten på ei reise frå ideen om å lage like kul musikk på Jamaica som i USA, til på slutten av 1960-talet å ha funne opp ikkje mindre enn tre heilt unike sjangrar, før den fjerde – REGGAE entra scenen i 1969.
Kollektivet Sju Fjell Bergstystem tek for oss utviklinga i tiåret på Jamaica i denne serien. Vi omtaler dei forskjellige aktørane i musikkindustrien, og tek med spesielle hendingar som vart viktige for musikken, frigjeringa frå England i 1962, Haile Selassie sitt statsbesøk i 1966, og tek med korleis England spela ein viktig rolle i dette ved å være eksportmarked nr 1, mykje takka være Windrush-generasjonen (karibiske innvandrarar i Storbritannia frå 1948 og utover) og mod- og skinhead-kulturen.
Sju Fjell Bergsystem er ein samling dj-ar som er spesielt interessert i reggae, og jamaicansk musikk som såleis. Det er illustrerande at alle fem har forskjellige inngangsvinklar til temaet. Både elektronisk musikk/techno, hip hop, og soul/ funk/RnB var sjangerar som var med på å peile kvar enkelt inn på reggae i sin tid.
Foredrag med musikk.