av Charlotte Myrbråten
—
sist endret
2023-06-23T12:35:58+02:00
Foredrag med musikk av Sju Fjell Bergsystem.
- https://bergenbibliotek.no/arrangement/sju-fjell-bergsystem-foredragsserie-70-talet
- Sju Fjell Bergsystem foredragsserie#2: 70-talet og fram – roots reggae, dub og soundsystemkultur
- 2023-10-31T18:00:00+01:00
- 2023-10-31T19:30:00+01:00
- Foredrag med musikk av Sju Fjell Bergsystem.
I starten var det berre reggae – ein musiksjanger frå Jamaica, med ein heilt spesifikk gitarlyd mange meiner er opphavet til heile begrepet reggae. Den religiøse påverknaden frå rastafaribevegelsen avfødte etterkvart det ein kallar roots reggae, som dominerte 70-talet på Jamaica, fram til dancehall etterkvart vart dominerande mot slutten av 70-talet. Roots lever uansett vidare i tett samspel med dancehall skal seiast. Vidare vaks det fram dub som eige fenomen i dette tiåret, og i England vart
det teke til eit nytt nivå gjennom dub- og soundsystem-kultur.
det teke til eit nytt nivå gjennom dub- og soundsystem-kultur.
Sju Fjell Bergsystem beskriver roots som sjanger frå one-drop-rytmestrukturen tek fatt, til rockers, steppers og etterkvart rub-a-dub. Vi dreg linjene fram til notid og skildrar korleis Jamaica og England spesielt har veksla på å være dominerande faktor i utviklinga.
Sju Fjell Bergsystem er ein samling dj-ar som er spesielt interessert i reggae, og jamaicansk musikk som såleis. Det er illustrerande at alle fem har forskjellige inngangsvinklar til temaet. Både elektronisk musikk/techno, hip hop, og soul/ funk/RnB var sjangerar som var med på å peile kvar enkelt inn på reggae i sin tid.
Foredrag med musikk.