av Charlotte Myrbråten
—
sist endret
2023-08-02T12:16:31+02:00
Foredrag med musikk.
- https://bergenbibliotek.no/arrangement/sju-fjell-foredragsserie-3-80-talet
- Sju Fjell foredragsserie#3 80-talet – dancehall, den digitale revolusjonen, ragga, dem bow
- 2023-12-01T18:00:00+01:00
- 2023-12-01T19:30:00+01:00
- Foredrag med musikk.
På tidlig 80-tal var Bob Marley definitivt den største reggaeartisten i verda. Den største artisten på Jamaica derimot, var Yellowman. Albinoen med grove tekstar full av «slackness» og humor hadde teke Jamaica med storm, og dancehall var det einaste som skjedde på Jamaica, medan Bob Marley turnerte verda rundt med sin då noko gammaldagse roots-reggae.
Dancehall vaks fram av reggaen og dei same tradisjonane som roots vaks ut frå. På mange punkt i historia har det òg kunne seiast å være det same. Det er likevel noko distinkt med dancehall som gjer at ein i høg grad kan snakke om to parallelle spor i utviklinga av reggae frå tidleg åttitall og utover – nemleg roots og dancehall.
Dancehall har òg teke verda med storm – slektskapen og påverknaden til og fra hiphop er tydeleg. Men enno meir påfallande er det at mykje av dagens popmusikk ikkje hadde høyrt ut som den gjer utan dancehallen sin enorme kreativitet på åttitalet og fram. Vår påstand er at halve Afrika og halve Latin-Amerika sin popmusikk bygger i dag på rytmestruktur frå dancehallen.
Sju Fjell Bergsystem tek for seg korleis det gjekk til og spelar passande låtar.
Sju Fjell Bergsystem er ei samling dj-ar som er spesielt interessert i reggae, og jamaicansk musikk som såleis. Det er illustrerande at alle fem har forskjellige inngangsvinklar til temaet. Både elektronisk musikk/techno, hip hop, og soul/ funk/RnB var sjangarar som var med på å peile kvar enkelt inn på reggae i sin tid.
Føredrag med musikk.
Etter føredraget blir det djing med Sju Fjell Bergsystem.