av Eli Vaage sist endret 2021-08-23T15:32:13+02:00
Er du lei av politikarar i valkampmodus som er meir interesserte i å prate enn å lytte? Bergen kvinnesaksforening og Vestland innvandrerråd ønsker velkommen til eit annleis valmøte, der politikarane verken skal halde appell eller møtast til debatt. I staden kjem eit knippe interessante kvinner som skal dele sine historier og erfaringar med politikarane - som først og fremst skal lytte, reflektere og gå i dialog. Velkommen!
  • Stortingsvalet 2021: Er demokratiet for alle?
  • 2021-08-26T18:00:00+02:00
  • 2021-08-26T20:00:00+02:00
  • Er du lei av politikarar i valkampmodus som er meir interesserte i å prate enn å lytte? Bergen kvinnesaksforening og Vestland innvandrerråd ønsker velkommen til eit annleis valmøte, der politikarane verken skal halde appell eller møtast til debatt. I staden kjem eit knippe interessante kvinner som skal dele sine historier og erfaringar med politikarane - som først og fremst skal lytte, reflektere og gå i dialog. Velkommen!
Torsdag 26. august 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

Kontakt

97964434
I 1919 oppheva stortinget grunnlovsvedtaket om at røysteretten vart inndregen dersom ein fekk fattigstønad. Dermed var ikkje lenger økonomisk og sosial status avgjerande for om folk fekk fulle rettar som borgarar. Eller? Vi stiller spørsmål ved om dette faktisk er ein realitet i dagens demokrati, eller om det er danna eit nytt klasseskilje som avgjer kven som røystar ved val. 
 
Asla Maria Bø Fugelstad frå MiRA-Ressurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn innleiar om endringar i utlendingslova som vil gi eit viktig bakteppe til resten av møtet. Irene Kinunda Afriyie snakkar om kvifor det er viktig å nytte røysteretten. I tillegg har vi invitert nokre spennande kvinner som vil dele frå sine historier og erfaringar med politikarane. Målet for kvelden er at politikarane går derfrå med ny kunnskap og lærdom, og refleksjonar dei kan ta med seg inn i virket sitt på Stortinget. Vi oppmodar dessutan alle som har borgarreten å kunne røyste, til å nytte stemmretten! Den er nemleg ikkje noko ein kan ta for gitt.
 
Stad: Auditoriet, Bergen Offentlige Bibliotek. På grunn av gjeldande smittevernrestriksjonar er det avgrensa med plassar.
 
Vel møtt! 
Bergen Offentlige  Bibliotek

Stortingsvalet 2021: Er demokratiet for alle?

Stortingsvalet 2021: Er demokratiet for alle?

Er du lei av politikarar i valkampmodus som er meir interesserte i å prate enn å lytte? Bergen kvinnesaksforening og Vestland innvandrerråd ønsker velkommen til eit annleis valmøte, der politikarane verken skal halde appell eller møtast til debatt. I staden kjem eit knippe interessante kvinner som skal dele sine historier og erfaringar med politikarane - som først og fremst skal lytte, reflektere og gå i dialog. Velkommen!

  • Torsdag 26. august
  • 18:00 - 20:00
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS