- https://bergenbibliotek.no/arrangement/temakveld-med-skrivekunstakademiet-ny-norsk-science-fiction-antologi-pa-biblioteket
- Temakveld med Skrivekunstakademiet: Ny norsk science fiction-antologi på biblioteket
- 2022-05-10T19:00:00+02:00
- 2022-05-10T20:00:00+02:00
- «En strek gjennom tyngdekraften» er den første norske science fiction-antologien på nærare 20 år. Kom og møt kvinnene bak og få ein smakebit her på biblioteket!
Kva status har science fiction-litteraturen i Noreg i dag? En strek gjennom tyngdekraften er den første norske science fiction-antologien på nærare tjue år. Boka inneheld nyskriven SF-lyrikk og noveller av norske forfattarar, somme av dei debutantar. Til oss kjem Maria Dorothea Schrattenholz, ein av redaktørane bak boka, og bidragsytar Rannveig Leite Molven for å presentere boka og arbeidet med den i samtale med Rolf Enger frå Skrivekunstakademiet.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Bergen Offentlige Bibliotek og Skrivekunstakademiet, der Maria Dorothea Schrattenholz for tida er gjestelærar.
Stad: Amalies Hage
Tid: Tysdag 10.mai kl.19.00
Fri entré.
Vel møtt!