av Erlend O. Nødtvedt sist endret 2022-01-20T13:27:53+02:00
Arkitekt Peter Helland-Hansen (1917–1984) teikna tidlause einebustader og restaurerte våre vakraste kyrkjer, men sette endå større spor etter seg som kulturvernar med ulike verv i Fortidsminneforeningen. Foredrag ved Eva Røyrane.
Tirsdag 22. februar 18:00
Hovedbiblioteket, Auditoriet

PÅMELDING

Arkitekt Peter Helland-Hansen (1917–1984) teikna tidlause einebustader og restaurerte våre vakraste kyrkjer, men sette endå større spor etter seg som kulturvernar med ulike verv i Fortidsminneforeningen. Han aksjonerte tidleg for vern av trehusmiljøa i Bergen, og hans kløkt og milde diplomati kom til nytte i vitaliseringa av Bryggen. Som rådgjevar bidrog han til vern og fornying i universitetsområdet på Nygårdshøyden.

Interessa for eldre byggeskikk låg i botn for alt han gjorde. Når han teikna nye hus, var han oppteken av samspelet med landskapet, når han restaurerte, var det viktig for han å gjera synleg korleis bygningen hadde utvikla seg. Som student og aktiv motstandsmann hamna han i tysk fangenskap, og han jobba som arkitekt under gjenreisinga i Finnmark før han i 1950 vende heim til Bergen og mange ulike oppdrag på Vestlandet. Men kvar sommar gjekk turen til Olden, til familien sin feriestad med sommarkontor for arkitekten i Jo-stova.

Eva Røyrane (f. 1956) voks opp i Ølve i Kvinnherad. Som journalist i Bergens Tidende frå 1987 til 2013 har ho skrive mykje om bygdeliv, arkitektur og bygningsvern. Ho har blant anna også jobba ved NRK sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane og er i dag tilsett ved Universitetet i Bergen. Røyrane har gitt ut ei rekkje bøker om norske byggetradisjonar, blant desse salssuksessen Norges låver og Av stein.

Bergen Offentlige  Bibliotek

Vårt Bergen: Arkitekt Peter Helland-Hansen. Foredrag ved Eva Røyrane

Vårt Bergen: Arkitekt Peter Helland-Hansen. Foredrag ved Eva Røyrane

Arkitekt Peter Helland-Hansen (1917–1984) teikna tidlause einebustader og restaurerte våre vakraste kyrkjer, men sette endå større spor etter seg som kulturvernar med ulike verv i Fortidsminneforeningen. Foredrag ved Eva Røyrane.

  • Tirsdag 22. februar
  • 18:00 - 19:00
  • Hovedbiblioteket, Auditoriet
  • GRATIS