- https://bergenbibliotek.no/arrangement/vart-bergen-riddersogene
- Vårt Bergen: Hofflitteratur i Bergen i middelalderen
- 2022-03-29T18:00:00+02:00
- 2022-03-29T19:00:00+02:00
- Ingvild Brugger Budal fortel om det litterære miljøet omkring Håkon Håkonsson sitt hoff.
PÅMELDING
Tett knytt til historia om Håkon Håkonsson (1204–1263) og den internasjonale mellomalderbyen Bergen står ei rekkje forteljingar om riddarar og heltedåder, lyst og ære, skam og sex, omsette frå fransk til norrønt. Her er den eldste kjende versjonen av forteljinga om Tristan og Isolde, forteljingar om Arthur og riddarane hans - og forteljingar der den franske originalen har gått tapt.
Makta, rikdomen, kulturen og kunnskapen som var samla i Bergen på 1200-talet vert synleg når Budal viser veg inn i ein del av den mindre kjende norske mellomalderlitteraturen.