- https://bergenbibliotek.no/arrangement/vart-bergen-skipstypar-i-bergen-i-hogmellomalderen
- Vårt Bergen: Skipstypar i Bergen i høgmellomalderen
- 2023-11-28T18:00:00+01:00
- 2023-11-28T19:00:00+01:00
- I høgmellomalderen var Bergen blant dei førande sjøfartsbyane i Nord-Europa. Men kva skipstypar hadde ein, kva eigenskapar hadde dei ulike typane, og kva vart dei kalla? Foredrag ved Eldar Heide.
Stemmer det at hanseatane tok over mykje av skipsfarten fordi dei hadde betre skip? I dette føredraget går vi særleg inn på typane knarr, byrding, busse, holk, skute, snekke (knǫrr, byrðingr, búza / bútsa, holkr, skúta, snekkja), og den tyske koggen (kuggr). Vi får høyre om skipskontakten med landa rundt Austersjøen og Nordsjøen og mot vest, til Island og Grønland, og Landnåmabok si skildring av korleis ein skulle finne leia til Grønland. Det blir òg litt om skipstypane som var vanlege tidlegare i mellomalderen og i vikingtida. Føredraget blir rikt illustrert og det blir ein del om korleis skipstypane endra seg og om etymologi.
Foredrag ved professor Eldar Heide.