Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Erlend O. Nødtvedt sist endret 2019-12-13T11:06:26+01:00
Prosjektet «Hauge, Vinje, Økland, Hurra!» er eit samarbeid mellom artist og musikar Cecilie Anna, forfattar Einar Økland, og redaktør i den nynorske nettavisa Framtida.no, Svein Olav Langåker. Cecilie Anna har tonesett og syng dikt av dei tre nynorskingane, Einar Økland les eigne dikt, Svein Olav les Vinje og Hauge.
  • Vinje, Hauge, Økland, Hurra!
  • 2020-01-22T18:00:00+01:00
  • 2020-01-22T19:00:00+01:00
  • Prosjektet «Hauge, Vinje, Økland, Hurra!» er eit samarbeid mellom artist og musikar Cecilie Anna, forfattar Einar Økland, og redaktør i den nynorske nettavisa Framtida.no, Svein Olav Langåker. Cecilie Anna har tonesett og syng dikt av dei tre nynorskingane, Einar Økland les eigne dikt, Svein Olav les Vinje og Hauge.
Onsdag 22. januar 18:00
Hovedbiblioteket, Noterommet

Materialet er strukturert etter tema (t.d Kjærleik, Dyr, Mor), og dei tre forfattarane blir slik presenterte side ved side i staden for i bolkar kvar for seg. Dette skapar ein dynamikk der det blir mogleg for likskapar og ulikskapar å tre fram på ein ny og spanande måte. Forestillinga blir avrunda med ein samtale mellom Einar, Cecilie Anna og Svein Olav om desse tre sentrale nynorske lyrikarane, og om song, musikk og nynorsk meir generelt.

Noterom (kart)