Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Nettredaktør sist endret 2019-08-26T08:54:53+02:00
Ingunn Aamodt er vinnaren av Barnas bokpris 2018!

Den fjerde bokprisen blei offentleggjort under ein stor prisutdelingsfest i biblioteket onsdag 16. januar. Tre av dei fem nominerte forfattarane, Ingrid Ovedie Volden, Ingunn Aamodt, og Gudrun Skretting, var til stades, og blei bokbada av godt førebudde elevar frå sju ulike skular. Heile 220 barn deltok på festen, og spenninga var stor då konvolutten med namnet på vinnaren blei opna. Dukkens rette eier av Ingunn Aamodt blei kåra til Bergensbarna si favorittbok, og forfattaren tok imot eit spesiallaga trofé basert på barna sine designforslag. I år deltok tolv skular i juryen, og 600 barn leverte inn stemmesetlar.

Bergen Offentlige Bibliotek arrangerer og deler ut Barnas bokpris kvart år.