Barn & bøker: ein ny podkast om barnelitteratur

Barn & bøker er Bergen Offentlige Bibliotek sin eigen podkastserie om barnelitteratur! Vi byr på diskusjonar, tips, og mykje meir.

Barn & bøker

Saknar du gode lesetips for akkurat den aldersgruppa ditt barn er i no? Eller treng du berre nye idear til kva som kan auke podens leselyst? Barn & bøker er vår nye podkast for og om barnebøker, der tilsette ved barneavdelinga deler av sin rikhaldige kunnskap om barnelitteratur og det som rører seg i feltet akkurat no.

Det blir diskusjon om aktuelle tema og bøker, og ikkje minst, fast anbefalingsspalte der du får våre beste tips om gode bøker for alle aldersgrupper.



Om programleiarane

Eli Fossdal Vaage er ny som formidlar av barnelitteratur, men har lang fartstid med å lage radio og er dessutan relativt erfaren som småbarnsforelder. I Barn & bøker er målet hennar å dele barnebibliotekarane sin ekspertise med flest mulig foreldre på jakt etter kvalitetssikra lesestoff for barn i alle aldrar.

Cathrine Dagestad Eikeland og Elisabeth Skråmestø Wyller møtte kvarandre på masterstudiet i Barne- og ungdomslitteratur, i dag er dei begge litteraturformidlarar på Bergen Offentlige Bibliotek. Dei er einige om mykje, som at ein strålande barndom er full av fine historiar. Likevel har dei ulike perspektiv på mange av dei, og dei blir nok aldri heilt einige om Frøken Detektiv kvalifiserer, eller kva Harry Potter-bok som er best.

 

Nyaste episode - Julespesial

Jula er like om hjørnet, og vi i Barn & bøker gir deg våre aller beste lesetips som garantert skaper julestemning for store og små. Vårt faste ekspertpanel anbefaler klassikarar og diskuterer kvifor enkelte bøker framleis står seg like godt i dag som for hundre år sidan, men kjem også med tips til nye julebøker til glede for heile familien.