Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Fint å ha far

av ingridr — sist endret 2017-08-31T08:32:55+00:00
Erna Osland

Fint å ha far

Mangschou, 2006
978-82-91948-42-3
barn
Visste du at det berre er menneskebarn og nokre få dyr som har ein far som passar på dei? 
 
Løveungane og isbjørnungane har ein far som gjerne et dei opp, om ikkje mora passar på. Men er du ei stingsild, har du ein far som gøymer deg i munnen for å verne deg. Er du ei bladhøne, tar far deg under vengene sine. Pingvinfedre et ikkje heile den tida det tek å ruge pingvinungen ut av egget. I krypdyrverda er det lite omsorg å få frå far.

Unntaket er sumpkrokodillen. For at dei små krokodilleungane ikkje skal bli etne på vegen frå klekkegropa til vatnet, tek krokodillefaren ungane i krokodillegapet sitt og fraktar dei trygt ned til vasskanten. Krokodilleungane lever i farens territorium i fleire år, men når dei sjølv kan bli foreldre, må dei skaffe sitt eige territorium. Denne boka fortel om ulike dyrefedre som har omsorg for ungane sine. Ein far kan måtte gjera så mangt for å passe på at ungane veks opp.

Erna Osland har skrive fleire gode fagbøker om ulike tema. Her er det mykje spennande å lære for nysgjerrige barn. Vi anbefaler også bøkene Skarpe tenner, Under ein stein, Dyrebare venner og Nasevis.