Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Ingelin Røssland: Handgranateple

av Vibeke Mowinckel Lorentz — sist endret 2017-08-30T14:19:43+02:00
I eit lett og greitt språk tek Ingelin Røssland opp mykje av det som går føre seg i og rundt ei ung jente som leitar etter plassen sin i tilværet.
Ingelin Røssland

Handgranateple

Samlaget, 2006, Norge
82-521-6856-6
barn

Anja bur saman med foreldra og veslebror, Daniel, på ein fruktgard på vestlandet. I nærleiken bur Besta. Tilsynelatande er livet deira roleg og harmonisk, men da Anja byrjar på vidaregåande, og flyttar til byen, vert alt omsnudd.Den trygge og vante vennskapen med Arild, kjem på avstand. Foreldra er ute av syne, og ubehagelege ting frå moras fortid truer med å komme fram i lyset. På skulen møter Anja Malin som dei seier er farleg. Ho er valdeleg, drikk og røykjer hasj. Til nå har Anja gått ikring utan å setje spor, for ho er ein som er der, hjelper til og passar på, men kven passar på Anja? Mora vil at Anja skal verte meir synleg, få meir ut av livet sitt, kort og godt ta meir plass. Da Anja vil bestemme sjølv, syner det seg at det ikkje er ho som tek vala likevel. Vil ho eigentleg at alt skal rase så fort avstad?