Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Ragnar Hovland: Fredlaus

av Vibeke Mowinckel Lorentz — sist endret 2017-08-30T14:19:43+02:00
Ragnar Hovland har skrive ei surrealistisk bok med hentydningar til kjente romanar, eventyr og segner.
Ragnar Hovland

Fredlaus

Samlaget, 2006, Norge
82-521-6950-3
barn

Grensene mellom det realistiske og fantastiske er flytande, bunde saman i eit treffande språk med underfundige og ironiske vendingar. Da Anders får høyre at foreldra har tenkt å gå frå kvarandre, pakkar han sekken og dreg ut i skogen. Det er endeleg farvel med ho som ein gong var mor mi, og han som ein gong var far min, men han vil framleis kalle søstrene for søstrer, og bevare eit godt minne om dei. Anders tek seg inn i huset Dobbel Aksel dro frå da kona Dobbel Marta forsvann med ein sjøoffiser. I fortviling hengde Aksel seg i eit tre på eigedomen. Bygdeoriginalen Hilmar lærer Anders litt av kvart om skogslivet, og han fortel om kapellet han byggjer til ære for profeten Lazarus som har vore venn og hjelpar i einsemda. Anders bur så nær sivilisasjonen at han snart får besøk av søster, venn og kjærast, og læraren som syner stor forståing for Anders sitt nye liv, seier at han er hjarteleg velkommen attende til skulen om han skulle skifte meining. Men gjer han det?