Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Roald Dahl 100 år

by Trine Dale last modified 2017-08-31T08:35:37+00:00
Roald Dahl

SVK

Gyldendal, 1990

13. september 2016 skulle sjølvaste Roald Dahl ha fylt 100 år. Eg ser på det som ein gyllen sjanse til å trekke fram ei lita knippe av hans fantastiske barnebøker.

Som barn hadde eg stor glede av SVK (The BFG,1982), historia om ein godlynt kjempe som fangar draumar. Ei natt kjempa er ute med draumeluren sin for å blåse draumar inn på soveromma til sovande barn, ser Sophie han fra vindauget på barneheimen der ho bur. Han tar med seg Sophie og legg på sprang mot kjempeland. Her bur SVK og andre fæle kjempar som et menneske i staden for agurkulurer til middag og har namn som barneknasaren, menneskeslukaren og blodgulparen. SVK og Sophie må gjere noko for å stoppe dei glupske kjempane og søker hjelp hos dronninga av England. Den vennlege kjempa er ikkje berre ein god venn, han har også verdas beste ordforråd, og på engelsk vil han gjerne beskrive noko fantastisk som “gloriumptious, hopscotchy, whoppsy whiffling, jumbly”! Dette er Roald Dahl på sitt beste; sprudlande fantasifull både i språkdrakt og innhald.

Verdens største ferskenVerdens største fersken (James and the giant peach, 1961) er ei anna magisk historie, og dette var Roald Dahl sin første barneboksuksess. James Henry Trotter er fire år då foreldra hans blir etne av eit nashorn som har rømt frå dyrehagen. Han blir send av garde for å bu med tantene sine, tante Slesk og tante Flesk. Tantene er ufyselege og James har ingen å leike med, men ein dag skjer det noko merkeleg fantastisk. James mistar nokre rare grønne dingsar rett ved eit gammalt ferskentre som aldri har bore frukter. Plutseleg oppdagar tantene ein fersken, og ikkje nok med det: Den veks og veks - til slutt er den like stor som eit hus!

Ein kveld oppdagar James eit hol i ferskenen, ein tunnell, og den fører rett inn i ein møblert heim, ein heim der det bur snille kjempeinsekt: grashoppa, meitemarken, vortebitaren, kjempemarihøna, vevkjerringa, tusenbeinen og silkeormen! Dei har venta på han. Vevkjerringa spinn ei køye til han, og sidan skal han aldri vende tilbake til dei fæle tantene. Saman legg dei ut på reise i den digre ferskenen. På reisa møter dei både haiar og skymenn, og ferskenen set seg til og med fast på toppen av Empire State Building i New York. Dette er truleg den mest surrealistiske og eventyrlystne boka eg har lese av Dahl -  eit fortryllande univers med frydefulle skapningar.

Danny og den store fasanjaktenEi bok som skil seg frå dei andre, er boka Danny og den store fasanjakten (Danny, the Champion of the World, 1975). Dette er ei meir realistisk forteljing utan fantastiske element. Boka er sjølvsagt like full av rare påfunn, men dette er først og fremst ei forteljing om det sterke forholdet mellom Danny og faren. Mora døydde då Danny var fire år, så faren tek seg av Danny og driv ein verkstad og bensinstasjon. Dei har lite å rutte med og bur i ei lita vogn utan innlagd straum, men Danny elskar den trange vogna.

Faren er ein auge-smilar, og han fortel alltid gode historier, som forteljinga om SVK. Det faren likar aller best er veldig, veldig hemmeleg. Han driv med kryptjuveri av fasanar, den rike og griske Victor Hazell sine fasanar. Han brukar rare fangstmetodar han kallar for “Hestehårsproppen” og “Klisterhatten”, men ein dag faren ikkje kjem tilbake til avtalt tid, må Danny trå til. Dette er ei hjartevarm forteljing om Danny og faren, og ei veldig spennande fasanjakt.

Hurra for Roald Dahl!