Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Rosas buss

av Anne Stefi-Teigland — sist endret 2019-07-30T12:45:35+01:00
Fabrizio Silei

Rosas buss

Samlaget, 2012, Norge
978-82-521-8002-2
barn

Ein bestefar, ein gut, ein buss og ei modig kvinne. Kva det handlar om? Mot, redsle og svik.

Forteljingar kan ta oss med til stader vi ikkje har vore, og la oss møte menneske vi ikkje kjenner. Dei kan hjelpe oss å hugse, og dei kan vise veg framover.
I denne forteljinga møter vi bestefar og Ben. Bestefar har levd lenge. Han har noko han vil vise Ben. Noko viktig. Ben veit ikkje kva det er, og han undrar seg stort når bestefar dreg han inn i ein buss på Henry Ford-museet. Kva i all verda skal dei her?

Men så byrjar bestefar å fortelje. Forteljinga handlar om han sjølv, og om ein dag i 1955 då bestefar var 26 år gammal og budde i Montgomery i Alabama. På denne tida hadde ikkje svarte dei same rettane som kvite, og mange kvite såg ned på dei. På restaurantar kunne det stå skilt med "Whites only", og på bussen måtte svarte reise seg for kvite når det blei trongt om plassen.

Ben høyrer godt etter når bestefar fortel. Det er nesten ikkje til å tru at det ein gong har vore slik. Og så, så kjem bestefar til forteljinga om Rosa, Rosa Parks. Kvinna som stig inn på bussen og set seg ned ved sida av han. Kvinna som blir sitjande, sjølv når bussen er full og sjåføren ber henne reise seg for kvite passasjerar. Ved å sitje heilt i ro, ved å ikkje lystre ordre, er Rosa med på å endre historia. Bestefar til Ben er der, han ser og opplever det heile, men har ikkje mot til å gripe inn. Det gjorde vondt da, og det gjer vondt framleis. For det er ikkje lett å vere den som ikkje vågar, den som lar urett skje og ikkje torer ta til motmæle.

Forteljinga om Rosa er sann. Den om bestefar og Ben er kan hende oppdikta. Men det gjer ikkje noko, ho er like sterk for det. Saman syner dei to forteljingane oss at det som skjer her og no - i augneblinken - er historie, og at vi alle er med på å forme henne. Og om du no trur eg har fortalt deg alt, tek du feil. Det er mykje att å oppdage, men då må du lese boka.