Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Tre sommarlege lesetips for barn

av Kari Mestad sist endret 2017-08-30T14:19:34+02:00
Om du er oppe i eit kirsebærtre, på fisketur, i hengekøya, på landet, eller i byen denne sommaren - biblioteket har bøker som kan bli med deg!
Anna Fiske

Hele dagen lang

Cappenen Damm, 2013

Hele dagen lang
 (2013) er ei lettlesen bok skriven av forfattaren og illustratøren Anna Fiske, og den passar perfekt for ferske lesarar. Den handlar om Anna som ikkje får bli med søskena  på tur til Storøya: «Det er ikke plass i båten, Anna!», seier storebror Gunnar. «Man må kunne svømme for å være med», seier storesøster Karin. Anna bestemmer seg dermed for å rømme opp i kirsebærtreet i hagen og sitte der heile dagen lang – no skal dei få vente og lengte! Boka er rikt og fargerikt illustrert, og vi følger Anna då ho skuler på foreldra og søskena som ikkje ser ho sitte i treet. Nokre gonger kan det vere freistande å rømme heimanfrå og spytte nokre kirsebærsteinar på dei som ikkje lar deg vere med fordi du er for liten, men det tryggaste er alltid å vende heim igjen. Ei sjarmerande sommarbok frå kirsebærtreet i hagen.

 

Vaffelfisken


Vaffelfisken (2015) er den siste boka i serien om Reven og Grisungen, skriven av Bjørn F. Rørvik og illustrert av Per Dybvig. Reven har lånt ei bok om fiskar på biblioteket. Den aller flottaste fisken, synest Grisungen, er vaffelfisken som høyrer til flyndrefamilien. V. G. M. S. står det under bildet, «Veldig God Med Syltetøy!» Reven finn fram fiskestanga Surribus Max til seg sjølv og ein fiskepinne til reven, og saman legg dei ut på fiskeekspedisjon til eit ferskvatn i nærleiken. Med spaghetti bolognese på kroken skal dei fange vaffelfisk. Ved vatnet møter dei ein gjeng med dåsemiklar, og kanskje lurar Bartenøkken under overflata. Dette er ei humoristisk forteljing for både store og små, og den raske streken til Dybvig passar godt til forteljinga.


 
Hedvig og sommeren med steken
 
Hedvig og sommeren med steken (2010) er den tredje, frittståande boka om Hedvig, skriven av den svenske forfattaren Frida Nilsson. Hedvig bur på eit småbruk langt ute i huttiheita. Det er sommar og bestevenninna, Linda, er vekkreist. Det er ingen å leike med – berre eselet Max-Olav og katten Bosse. Farmor har fått ein propp i hjernen, og Hedvig synest det er rart at ein propp kan få folk til å gløyme å lage suppe. Farmor lagar nemleg verdas beste spyttesuppe, ikkje suppe som er kokt på spytt, men suppe som er kokt på kirsebær med stein: «Derfor sitter alle å spytter ved bordet. Kling, kling, kling! lyder det når steinene lander i spytteskålen». Men då farmor blir sjuk og oppfører seg rart ser det ut til å bli ein trist og kjedeleg sommar, men det er før Steken dukkar opp! Saman med Steken blir sommaren alt anna enn kjedeleg, den blir nesten litt for spennande for Hedvig sin smak. Dei løyser små og litt større kvardagsproblem, samtidig som dei funderer over store spørsmål om livet, døden og kjærleiken med alvor og herleg humor. 
 
Alt føles betre med ein ny venn: ««Ha det!» skriker hun mens hun skynder seg bort fra ødegården, som ikke er øde mer i det hele tatt. Lykken ruser i blodet. Det har kommet en nabo, et barn akkurat som henne selv! Og de er allerede venner!»

 

God sommarlesing!