Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Vi har den ære - en hyllest til Thorbjørn Egner

by Anne Merete Hegrenes last modified 2016-12-12T11:24:23+00:00
Visene til Thorbjørn Egner i ny drakt.

Vi har den ære - en hyllest til Thorbjørn Egner

Barneselskapet, 2012, Norge
barn

I 2012 var det 100 år sidan Thorbjørn Egner vart fødd, og i samband med jubiléet vart albumet “Vi har den ære - en hyllest til Torbjørn Egner” gitt ut. På denne plata tolkar eit knippe unge norske artistar eigne favorittar blant visene til Egner, og resultatet er nyskapande og originalt. Samstundes blir visene formidla på ein måte som hegnar godt om kulturarven.

Born er særs opne lyttarar, og har ikkje dei same tileigna musikalske preferansane som vaksne. For oss som er vane med å høyre visene til Egner som nettopp viser, kan det vere uvant å høyre dei i nye versjonar. På “Vi har den ære” blir vi i stor grad eksponert for musikksjangrar som ein ikkje forbind med Egner og bornesongar. Her får vi høyre “Den uheldige mannen” som folkrock, ein hip-hop variant av “Karius og Baktus” og “Tante Sofies vise” i soulversjon - men som det groovar!

Artistane er kjende, og her høyrer vi mellom anna Katzenjammer, Onkl P, Kråkesølv, Kaizers Orchestra og Alexander Rybak. I tillegg til dei etablerte artistane, finn vi også duoen Partyballo som gjer ein trance-versjon av “So ro lille mann”. Denne duoen nådde til topps i ein konkurranse P3 Urørt arrangerte i samband med Egner-jubileet, og fekk slik versjonen sin med på plata.

Albumet er særs høyrleg både for born og vaksne, og er utradisjonelt i møte med det tradisjonelle. Sjølv om melodiane er tolka og arrangert i moderne versjonar er det gjort med stødige kunstariske hender, og her er gode og svært varierte arrangement. Plata var nominert til Spellemannspris for beste borneplate i 2012, der Christine Sandtorv gjekk av med sigeren med albumet “Stjerneteller - Gullamanter”. Forøvrig ei plate som også er populær i heimen, til liks med “Vi har den ære”.

I sommar var familien min og eg på bilferie for fyrste gong, og denne plata var med på turen. Treåringane mine oia-oia ellevilt til “Dyrene i Afrika” med Alexander Rybak, medan femåringen song “Amanduuuuus” av hjartans lyst saman med The Blacksheeps. Faktisk vart plata spelt så mange gonger at far til slutt måtte seie at den var blitt øydelagt, for det kan ein komme unna med når ein høyrer på ein god “gamaldags” CD. Men ein ting er sikkert; dette albumet redda bilferien vår.