Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Karen Rosenstock sist endret 2019-01-10T12:59:10+00:00
Bildøen blir Festspeldiktar 2019.
Onsdag 27. februar 12:00
Fana bibliotek
Bildøen er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay, og er også verksam som omsetjar.
Ho er mellom anna Patti Smith sin norske omsetjar. Bildøen sjølv er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014). For same roman vart ho nominert på langlista til Dublin Literary Award.
Som essayist har Bildøen fått stor merksemd for Litterær salong (2009), der ho skarpt og underhaldande anbefaler 10 kvinnelege forfattarskap som har betydd mykje for henne. Med Sju dagar i august var ho den første norske forfattaren som skreiv skjønnlitterært om 22. juli.
Haustens roman, Tre vegar til havet, som har bakgrunn i Bildøen sin eigen adopsjonsprosess, har hausta strålande meldingar frå eit samla kritikarkorps, og blir av mange omtalt som hennar beste roman hittil. 
Velkommen til litterær lunsj!