Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Karen Rosenstock sist endret 2019-08-07T10:48:29+02:00
Klyngetunet - landsbyen som blei borte.
Onsdag 2. oktober 13:00
Fana bibliotek

Klyngetunet, det landsbyliknande norske fellestunet, blei oppløyst då landbruket skulle moderniserast i siste halvdel av 1800-talet. Mange tusen slike tettbygde tun blei borte, bøndene flytta til kvart sitt nye gardstun, Noreg mista bondelandsbyen. Men nokre tun blei av ulike årsaker ståande.  Journalist Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth har besøkt meir enn førti tun frå Agder i sør til Troms i nord.
Boka om klyngetunet kom ut hausten 2018. Eva Røyrane kjem til Fana bibliotek for å fortelle om arbeidet med boka.