Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Karen Rosenstock sist endret 2020-01-06T11:54:14+01:00
Henri Matisse (1869-1954), fransk malar, bilethoggar og grafikar, vert sett på som den aller fremste koloristen på 1900-talet, og vert framleis rekna som ein av dei aller største blant dei tidlige modernistane. Han arbeida i varierte uttrykksformar og med ulike materiale.
  • Litterær lunsj Fana om Henri Matisse
  • 2020-02-19T13:00:00+01:00
  • 2020-02-19T14:00:00+01:00
  • Henri Matisse (1869-1954), fransk malar, bilethoggar og grafikar, vert sett på som den aller fremste koloristen på 1900-talet, og vert framleis rekna som ein av dei aller største blant dei tidlige modernistane. Han arbeida i varierte uttrykksformar og med ulike materiale.
Onsdag 19. februar 13:00
Fana bibliotek

Han vart kjend som den franske fauvismen sin leiar, og hadde ein vesentleg innflytelse for den europeiske modernismen sin abstraherande utvikling i dei fyrste tiåra av 1900-talet. Matisse henta inspirasjon i frå asiatiske og afrikanske kunstverk og tradisjonar.

Etter 2. verdskrig vart Matisse for sjuk til å male og han kunne difor ikkje stå ved staffeliet og male. Han begynte då på sine klippe-klistre-bilete, som han er blitt så kjend for, som besto av farga papir, som han klipte og komponerte til bilete. Med sine vibrerande fargar, fridom i form og linje, med sitt lys, sine mønstre, blomar og menneskekroppen, er han framleis ein inspirasjon i dag.

Renate Rivedal er kunstformidlar og jobbar som rådgivar ved Enhet for kulturformidling og deltakelse. Ho har master i kunsthistorie og lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar.