av Therese Pedersen sist endret 2022-01-10T16:08:02+01:00
Anne Karin Fonneland kjem for å fortelje om trea, Hauge og klimaendringane.
Torsdag 17. februar 13:00
Fana bibliotek, Salen

Kontakt

I boka "Olav H. Hauge og trea: Om å sjå naturen - og klimakrisa no!" kombinerer Anne Karin Fonneland nære lesingar av Olav H. Hauge sine dikt og dagbøker med essayistiske skildringar av ein nasjonalromantisk Hardanger i dramatisk endring. Møt henne og høyr meir om trea, Hauge og klimaendringane på Fana bibliotek.

«Er Folgefonna i ferd med å smelta?» Ved skiløypa er isen sokke 55 meter sidan 2008. Under breen er det dalar som kan verta fylte med vatn. At Folgefonna ein gong kan sleppa innsjøar, vil me helst ikkje tenkje på. Økosystemet me inngår i, er truga. Olav H. Hauge såg dette tidleg, noko forfattar Anne Karin Fonneland byrja skriva om etter å ha vorte uroa over det ho såg i landskapet omkring seg.

Sunnhordlandsforfattar Anne Karin Fonneland fortel frå sitt essay Olav H. Hauge og trea: Om å sjå naturen - og klimakrisa no! 

Velkommen til eit engasjerande møte som passar for alle som bryr seg om natur, tre, Hauge, poesien - eller alle dei overnemnde.

Påmelding her: https://bergenkommune.pameldingssystem.no/fonneland

Bergen Offentlige  Bibliotek

Litterær lunsj: Olav H. Hauge og trea

Litterær lunsj: Olav H. Hauge og trea

Anne Karin Fonneland kjem for å fortelje om trea, Hauge og klimaendringane.

  • Torsdag 17. februar
  • 13:00 - 13:45
  • Fana bibliotek, Salen
  • GRATIS