av Therese Pedersen sist endret 2021-11-16T18:25:55+01:00
Kunsthistorikar Rivedal fortel om jula som motiv i kunsten.
Onsdag 8. desember 13:00
Fana bibliotek, Salen

Kontakt

Snart er det desember og vi blir dratt inn i jula si magiske verd. I norrøn tid blota ein og ofra til gudane, i dag feira vi jul med både gåve- og matgilde. Jula og desembermånaden er fylt med juletre, bibelske englar, levande lys, julepynt, familie, julebukk, julebord, julestrømpe, Askepott på NRK, julekalender, snø og ski.

Gjennom foredraget skal vi bli kjend med nokon av skikkane og bakgrunnen til feiringa. Vi skal bli nærare kjend med den nordiske folketrua om gardvorden, julekrybber frå Krakow og ein tyrkar som heiter Nikolaus. Vi skal sjå på ulike kunstnarar si tolking av julefeiringa; frå Tidemand si tradisjonelle jul til Munch sin «Julaften i bordell».

Renate Rivedal er kunsthistorikar og kunstmeldar i Bergens Tidende.

Bergen Offentlige  Bibliotek

Lunsjforedrag: Renate Rivedal om jul i kunsten

Lunsjforedrag: Renate Rivedal om jul i kunsten

Kunsthistorikar Rivedal fortel om jula som motiv i kunsten.

  • Onsdag 8. desember
  • 13:00 - 13:45
  • Fana bibliotek, Salen
  • GRATIS