av Helene Sahlsten-Jensen
—
sist endret
2023-08-02T12:03:11+02:00
Velkommen til forfatterbesøk
- https://bergenbibliotek.no/bibliotekene/laksevag-bydel/bjorn-hatterud
- Bjørn Hatterud: Om Blokka på Bjerke
- 2023-10-18T18:00:00+02:00
- 2023-10-18T19:00:00+02:00
- Velkommen til forfatterbesøk
Onsdag
18.
oktober
18:00
Loddefjord bibliotek
Bjørn Hatterud kjem frå bygda Veldre i Ringsaker kommune. Han er kulturskribent, kunstkritikar, kurator, musikar og sit i Kulturrådet. Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018) og Mjøsa rundt med mor (2020). I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. I vår kom boka Blokka på Bjerke.
I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene.
På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt.
Foredrag med forfattaren.