Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
by Arild Ness last modified 2017-03-21T15:15:21+00:00
Velkommen til ein leiken og stemningsfull forteljarkonsert med Hanne Oftedal og Gro Marie Svidal! Her får du møte jenta som spelar i huldrebryllaup og andre eventyrskattar frå Vestlandet. Forteljingane vert fletta saman med musikk og song til ei flott oppleving for små og store.
Lørdag 1. april 11:00
Loddefjord bibliotek

Hanne Oftedal (forteljing og vokal) er ein forteljar som med varme og engasjement formidlar eventyr for born, unge og eldre.

Gro Marie Svidal (hardingfele og vokal) er ein av våre mest anerkjende og virtuose folkemusikarar med lang erfaring i sceniske produksjonar. Mange hugsar ho frå teaterstykket «Den vesle Prinsen»

Høver frå 3 år og oppover.