Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Arild Ness sist endret 2019-01-09T08:11:52+00:00
To av dei morosamste forfattarane og privatpersonane i heile Hordaland møtast til ei litterær samtale.
Tirsdag 5. mars 19:00
Loddefjord bibliotek

Eikemo er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og er no dagleg leiar for Cornerteatret i Bergen.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Den første romanen hennar, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut fem romanar, og den seinaste av desse er Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018).

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for forfattarskapensin, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018.

Ho snakkar med Erlend O. Nødtvedt, forfattar og bibliotekets heilt eigen juvel.