av Lasse Jørgensen sist endret 2022-08-17T17:59:07+02:00
Litterær samtale med forfatter Sigri Sandberg, med fokus på boken «Ro: Om Sognefjorden og ein lang rotur heim»
Tirsdag 4. oktober 17:00
Oasen bibliotek

Sigri Sandberg rodde Sognefjorden sommaren 2021. Turen resulterte i boka: «Ro: Om Sognefjorden og ein lang rotur heim».
Mannen, venninner og mor hennar er med på ulike strekk. Ferda startar ytst i havet, i Gulen der ho budde som lita, og går innover mot Luster og garden der ho delvis bur no. Undervegs fortel ho om korleis fjorden vart til, om vind og straumar og livet over og under vatn. Det vert bølgjer og dramatikk, men også blikstilt hav.
I ei uroleg verd lengtar forfattaren etter ro og å finne heim. Finn ho det ho er på jakt etter?

I samtale med Ingvild Bræin får vi svar på dette og korleis Sigri opplevde å ro verdas lengste farbare fjord i ein gamal oselvar.

Sigri Sandberg har lang erfaring som journalist og er forfattar av fleire bøker. Ho skriv ofte om menneske i naturen.

Arrangementet er i samarbeid med Vestland fylkeskommune.

Følg hendinga på Facebook her.

Bergen Offentlige  Bibliotek

Litterær samtale med Sigri Sandberg

Litterær samtale med Sigri Sandberg

Litterær samtale med forfatter Sigri Sandberg, med fokus på boken «Ro: Om Sognefjorden og ein lang rotur heim»

  • Tirsdag 4. oktober
  • 17:00 - 18:00
  • Oasen bibliotek
  • GRATIS